Det italienske flagget
 

ITALIA

 

Scuderia Toten

Alfa Romeo

Fiat

Abarth

Italia

Meg Sjølv

Lenker

Gjestebok

Galleri

Ex - Bilar

Heimatt

 

 

Italia er ein republikk i Sør-Europa som ligg på den italienske halvøya og dei to middelhavsøyane Sardinia og Sicilia. I nord blir landet avgrensa av Alpane og møter landa Frankrike, Sveits, Austerrike og Slovenia. Dei sjølvstendige statane Vatikanstaten og San Marino er enklavar i landet. Nasjonal song: Fratelli d'Italia Nasjonaldag: 2. juni

Historie

Italia var kjernelandet for Romarriket. Etter at riket braut saman blei det delt opp i fleire mindre statar der den viktigaste var Pavestaten. Landet var sentralt i europeisk kulturhistorie, mellom anna utvikling av kunst, filosofi og vitskap i mellomalderen og særleg renessansen.

Dagens Italia blei ein nasjonalstat først i 1861, då dei fleste statane på halvøya blei sameina av kong Viktor Emmanuel II av Savoy-dynastiet. Dei som stod bak samlinga var ministeren hans, Camillo Benso di Cavour, og generalen Giuseppe Garibaldi, som blei ein nasjonal folkehelt. Roma sjølv blei halden av paven i nok eit tiår og blei først del av Italia i 1870, med Vatikanet som ein fortsatt sjølvstendig enklave.

Geografi

Landet strekker seg frå Alpane i nord i ei velkjend støvelliknande form som er omkransa av Middelhavet og Adriatarhavet. Det omfattar dessutan middelhavsøyane Sardinia og Sicilia. Italia grensar til Frankrike, Sveits, Austerrike og Slovenia. Det omsluttar òg to små land, San Marino og Vatikanstaten.

Italia er delt inn i 20 regionar: Abruzzo, Basilicata, Calabria, Campania, Emilia-Romagna, Friuli-Venezia, Giulia, Lazio, Liguria, Lombardia, Marche, Molise, Piemonte, Puglia, Sardegna, Sicilia, Toscana, Trentino-Alto Adige, Umbria, Valle d'Aosta og Veneto.

Roma har vore hovudstad sidan 1870, medan Torino og Firenze tidlegare har vore hovudstad i landet.

Nokre viktige byar:

Total flatevidd er: 301 230 kvadrat km. Av dette er 2,4% vatn.

Innbyggjarar

Dei fleste innbyggjarane i landet er italienarar. Det finst tysk- og franskspråklege minoritetar i Nord-Italia, og nokre andre små etniske minoritetar.

Fleirtalet (85%) er katolikkar, men det finst òg religiøse minoritetar av protestantar, jødar og muslimar.

Estimert folketal er pr. 2005: 58 103 033. Det gir ein tettleik på 193 personar pr. kvadrat km.

Politikk

Republikk med val av president og statminister kvart 4. år. Etter valget i 2006 er Romano Prodi statsminister og Giorgio Napolitano
 president.

Økonomi

Valuta er Euro.

Bruttonasjonalprodukt pr. 2005 var 1 694 706 mill. USD. Noko som gir 29 414 USD per innbyggjar.

Kjelder:

www.wikipedia.org

Lenkjer

www.italia.Com