FIAT

 

 

 

 

 

Scuderia Toten

Alfa Romeo

Fiat

Abarth

Italia

Meg Sjølv

Lenker

Gjestebok

Galleri

Ex - Bilar

Heimatt

FIAT 128 Årets bil 1969

Fiat brukte lenge kubikkinnhaldet som navn på bilane sine. Ein var då ikkje i tvil om at 1500 var større enn ein 500, og det var naturleg å tru at 2300 var større enn ein 850. Men så vart det slutt på den logiske tenkinga, og dei starta med prosjektnummer. Sidan omtrent kvart einaste Fiat-prosjekt såg dagens lys, vart det heile ganske forvirrande, for prosjekta vart no ikkje tildelt etter størrelse, må vite.  Det logiske hadde vore at dei minste modellane fikk dei lavaste prosjekt nummera.....

Slik at først kom 124, deretter kom 125, som heldigvis var litt større. Etter 125 kom 130 som var mykje større. –framleis kunne ein ha håp om litt logikk. Men så kom 128, -rett nok mykje mindre enn 130, men den viste seg også å være ganske mykje mindre enn 125 og også mindre enn 124, og dermed var galskapen i gang.

Dette var ei vanvittig tid hjå Fiat. Konstruksjonsavdelingen leia av Dante Giacosa arbeidde med alt mogleg rart, frå dei store luksusbilane, med coupé-avleggjarar frå dei store karosseriskreddarane (slik som Fiat 130 coupè) og ned til 500-avløysarar i bøtter og spann. Samstundes som dei arbeidde med dei vanlege frontmotor-bakhjulsdrevne bilane 124/125, heldt Giacosa fram sitt arbeide med tverrstilte aust-vest motorar og framhjulsdrift. Ein modell hadde han alt fått lov til å byggje etter den oppskrifta, - Autobianchi Primula (som Piu Manzù  bygde ein flott sportsbil av. Rett nok berre ein prototype. Den såg ut som ein liten Miura, og heile drivverket vart montert sentralt, bak framseta. Ei unik sportsvogn – inntil X 1/9 synte at dette var mogleg i ein produksjonsmodell også). Og midt oppi alle eigne prosjekt vart det arbeidd med bilar for Russland og Polen, det vart gitt støtte til Simca konstruksjon, Zastava skulle ha eigne modellar, for ikkje å snakke om SEAT - det var eit fantastisk liv, og samstundes ein utruleg struktur på avdelinga til høvding Giacosa den gongen.  Samstundes med alt dette begynte prosjekt 128 og ta form. Prosjektet viste seg så spanande at den fekk tildelt eit nytt prosjektnummer. Ikkje berre eit nummer men ein heil serie. X 1/1 vart det nye navnet som svært få kjente til, og som ved introduksjonen fekk modell nummer 128. Giacosa var ikkje i tvil om kva retning han no skulle ta, men samstundes introduserte han enda eit nytt tema: plattform- eller modul-tankegangen. For parallelt med X 1/1 utvikla han X 1/1J som vart ein storarta Zastawa-modell. X 1/2 fulgte akkurat same oppskrifta, men vart til vesle Autobianchi A 112, X 1/3 har eg ikkje greid å finne noko om, men X 1/4 vart Fiat 127. Autobianchi var eigd av Fiat, og det var Fiats frykta testfører-sjef, den aldrende Carlo Salamano, som måtte kvittere ut Autobianchi-modellane. Derfor var det med naud og neppe at Primula passerte nålauget. Det var nemleg ikkje nokon løyndom at Salamano ikkje kunne fordra framhjuls drevne bilar – Det synest derfor i dag heilt utruleg at det er Issigonis som vert kreditert Mini-oppskrifta. Giacosa hadde den på papiret, og delvis i metall, mange år før.

Jyruen for Årets Bil i 1969 stemde heilt klart inn ein framtisdretta og veldig godt laga bil, samstundes applauderte dei at Giacosa endeleg hadde åpna Fiat for ei stor framtid. Og – utan å vite det – fortalde dei at no var Golf-klassa, som skulle dominere dei neste 20-åra, definert.

Min Eigen:

"BERLINETTA"

FIAT 128 3P, 1977 modell

 

128 3P Skal lyse bra her!

 
 

Frekk hekk!

 
 

Snerta lita sak...

 
 

Like snerten fra denne sida!

 
 

Langtur djupt i dei finske skogar ein stad.

 
 

Her er den framfor Nordkapp platået

 
 

Slik er dagens status.....

 
 

Ganske ribba..

 
 

Ny front fra en lys blå slektning....

 
 

Batterilekkasje gir grobunn for rust...

 
 

Her har stålormen satt sine spor.

 
 

Golvet er heilt rustfritt.

 
 

Det kan ein ikkje sei om kanalane...

 
 

Heimelaga "vogge" må til skal ein verte kvitt all stålorm.

 
 

Slik blir det etter at all rust er fjerna, nye plater er seisa inn og rustbeskyttelse er på plass. Skal halde ei stund no...

 
 

Fronten er også komen på plass, snart klar for maling no.

 
 

Sjølvsagt må hjertet også overhalast. Dette er ein motor frå ein 1300, km stand er uvisst. Men alt vert no nytt, så det er ikkje så nøye.

 
 

Verksmeisteren har hatt stor framgang i løpet av vinteren. Bilen er no attende i normal matchvekt. All kjeks er no vekke, grunninga er gjort so no er det maling som manglar.

 
 

Heilt ny snute, dette vert bra!

 
 

Med ny maling i motorromet så vert dette heilt Oslo!

 
 

Montering av bakhjulsopphenget er også gjort. Med tversgåande bladfjøyr ligg den på vegen som ei nysmurd svele!

 
 

Detalj frå bakhjulsopphenget. Heil nye SACHS støtdemparar gjer susen.

 
 

Nye bremseband må også til. Det er ikkje noko problem, for FIAT nyttar same patenten enno.

 
 

Nyoverhala delar på rekkje og rad. Alle sandblåste og brennlakkerte. Enden er nær.....

 
 
 
 

Fronten er tilbake til utgangspunktet.

Ser ein på bileta lenger opp, ser ein stor forbetring. Skadane etter batterilekkasjen er borte, og moteringa har så smått tatt til.

Nyoverhala tannstang på plass, ikkje mykje slark der no!

Mykje "småplokk" igjen her..

Ratte er på plass. "Dino" heiter det, ska tru kvifor... ;-)

Som ein ser, det er litt arbeid att.

Tekniske data, ikkje minst original lakk kode. Bilen får att originalfargen FIAT 228.

Prøvemontering av framhjulsopphenget. Treng å få ta nokre mål for å sjå om dei nye felgane passar.

165 mm fra annleggsflata inn til støtdempar bak.

135 mm nede ved navet

167 mm oppe ved fjøyrskåla

Og her er felgane som skal på. BBS Mahle 6 x 13" med ET 33mm. Originalt går bilen på 4,5 x 13" med ET 42. Utrekningar viser at desse felgane bygg 109.2mm inn og 43.2mm ut. Det burde gå greit.

Dessutan er det handla inn nye speglar frå "unaiten" California look kjem til å verte heilt utruleg tøft. Ein våt daum frå ungdomen vert materialisert ho ,ho !

 

FIAT 127 Årets bil 1971

På trass av at Fiat på denne tida (60 -tallet) hadde to verkeleg store stjerner på den biltekniske himmelkvelven, Oscar Montabone, og i aller fyrste rekke Dante Giacosa, og at det var desse to som gjorde 127 til ein av etterkrigstidas aller største småbilar, er dette likevel Pio Manzu’s bil.

I manges hovud går denne bilen også utanpå Mini – det er nok å spørje kven av dei to bilane ein helst vil kjøyre Roma Nordkapp med. Og det var ikkje berre italienske trimmarar slik som Nardi og Abarth som viste at dette kunne lukte skikkeleg av svidd gummi. Også Mini-landets eigen Radbourne utvikla trimmsett som gjorde at razzmatazz-127-modellar heldt godt fylgje med Miniar både på racerbanen og på engelske småvegar. Det er mogleg Mini fant opp veghaldning, men 127 gjorde det til ein kunst.

Dante Giacosa var den type ingeniør som likte å teikne karosseriet sjølv. Fiat 600 (ikkje minst Multipla-utgåva) og 500 er typiske eksempel på talentet hans der. Men då det vart snakk om 127 braut han med alle Fiat-konvensjonar. Ikkje gjorde han det sjølv, ikkje lot han Fiats eigen styling-avdeling gjere det og ikkje henta han inn nokren av dei mange karosserihusa i Torino. Han henta inn ein unggut, født i 1939, son av ein kjend bilethoggar som heitte Manzoni. For ikkje å misbruke familienavnet kalla han seg Pio Manzù. Han arbeidde mykje i Tyskland i lag med nokre andre gira gutlarva, som kalla seg Delta Design. Dei arbeidde med modul-konstruksjonar lenge før nokon kunne stave det, vann det som var av karosserikonkurransar (eksempelvis eit Austin Healey forslag for Pininfarina) og dei blanda seg opp i det meste som var av autoritær design-utdanning den gong. Unge Manzu var dessutan ein glimrande skribent. Enten han analyserte og kvesta nye karosseri, eller han skreiv filosofisk, til dømes om designaren som konstruktør – eller andre vegen – eg har aldri lese nokon bedre design-skribent enn han. ”Bilen som system” er ein klar og intelligent skildring av plattform-tankegangen. Og dei av dykk som går attende til Corriere della Sera frå 11/9 1964 vil finne ei skildring, med nydelige teikningar, av ein by bil som viser neste generasjon Smart. Signert Manzù i 1964.... Dei gangane han var innom Fiat i Torino, med teikningar og modellar av den komande framhjulsdrevne, kompakte småbilen sat han mest hos ein annan underleg designer, Aldo Sessano. Han dreiv noko som heitte Open Design, og har gjort svært mykje meir for Mitsubishi enn han nokon gong kjem til å få kreditt for. Men frå Sessano stakk han innom Giacosa, kom attende med sekken full av kjeft fordi han låg etter programmet, men han greidde alltid å sjarmere seg vidare, og heldt lange forelesingar om karosseria som skulle; "-sitte tett som buksa over rumpa på ein matador." Og brukte Zagatos karosseri på Aston Martin DB4, med "double-bubble" taket, som døme på kva han meinte. Aldri før har vi sett så tett-trukket metall heller, som då 127 kom. Hjørna bak var heilt utrulige. Manzu ville ha flater som ”-lignet på huden til en 12 år gammel jente” sa han. Men det opplevde han aldri å sjå sjølv. Lenge før bilen vart lansert for kundane skulle han til Torino for å presentere den endelege modellen for topp-sjefane. 29 mai 1969 smalt han inn i en bil mellom Milano og Torino, og endte sine dagar der. Dante Giacosa fortalte etterpå at det var fyrste gong han hadde presentert eit prosjekt i fullstendig stillheit.

Min Egen

"KNALLERTEN"

FIAT 127, 1975 modell

 

Vinterlagring

 
 

Ute og luftar seg ein fin vinterdag...

 
 

Fint ver!

 
 
 
 

Lita oppgradering av "Knallerten" den har fått nytt "grovt" eksosanlegg. med 4-2-1 grenrør frå ABARTH og fin dobbel bakstuss frå ANSA. Ser litt meir vaksen ut no......fint og nyrestaurert hengarfeste har den også fått.

 

Litt meir karsleg over dette her ja....

 
 

Blankt må det være.

 
 
 

Lyden vart fin den......

knallert.wav

 

Kjekt å kome ut etter vinteren.......

 
 

...spesielt etter å ha fått so fine sommarsko!

 
 

Jaggu vart eg stokken av ein skorpion også i vinter....

 
 

Skal bli godt å få strekkje skikkeleg på beina no snart.

 
 

Klar for det meste no.

 
 
 
 

Litt aktivitet i garasja siste dagane; -ABARTH toppdeksel/innsug med to port WEBER DMTR 38 er installert og tilpassa etter beste evne. Litt justeringar gjenstår før den er attende i storslag.

 

Topdekselet kjem frå ein A112, og krev litt tilpasningar i og med at denne 127'en har stagoverføring frå gasspedalen

 
 

Modifisert gasswire og nytt opplegg for choke

 
 

Så trengs det enten eit opent filter, eller så har eg eit ABARTH filterhus. Me får sjå.

 
 
 
 

Siste oppdateringar før vinteren kjem for fult er gjorde. Øvelsen med gasswire viste seg som ein særdeles dårleg idè, etter mykje spekulering og fintenking er no løysinga på plass.

Ein hylsemutter frå Biltema gjodre susen...

Eigentleg genialt enkelt...

Og, ja... Carlo fekk plass han også ;-)

Sidan veret viste seg frå godsida også i dag, vart det ein liten fotoseanse også.

Så var det "game over":

.

 

 

FIAT PUNTO Årets bil 1995

Fiat har hatt nokre store lanseringar i si tid. Dei kjøpte halve Florida ein gong – då fantes det eigentleg ikkje Fiat-eksport til USA lenger, så det var no veldig relevant. Og dei kjøpte heile Rio, og sendte eit tjuetals Jumboer over.

Men Punto-lanseringa i Torino var nok likevel den største. No eig Fiat Torino fra før, så egentleg er det ikkje så underleg at dei kunne gjere det dei gjorde. Men med detaljar som Punto barberhøvlar og Punto tannkrem på hotellroma, ikkje eit butikkvindauge uten eit Punto emblem, og eit par tusen testbilar (det såg slik ut) gjorde inntrykk. Tydelegvis også på juryen, for dette vart Årets Bil for 1995. Bilen sjølv begynte som Prosjekt B alt i 1989, så det er underleg at den var såpass moderne som den var då den kom. Designet er Fiats eget, men er sterkt påverka av et konkurranseutkast frå Italdesign, som deltok i starten på prosjektet saman med Pininfarina. Eit par månader etter lanseringa kunne Fiat vise ni ulike Punto-konsept fra ni ulike italienske karosseridesignarar på Torino-utstillinga. Det var nesten som å være attende i seksti-åra då det aldri var færre enn 20 utgåver av Fiat 600 frå forskjellige karoserisnekkarar.

Vår eigen:

"TYTTEBÆRET"

FIAT Punto ELX, 2000 modell

Tøff liten sak, synd kvaliteten på bildet er så dårleg

Kilde: www.bilnorge.no